HeimPlan, bygg og eigedomPlanaktuelt 2024Konsesjonsuttale til vindturbin i Sløvåg

Konsesjonsuttale til vindturbin i Sløvåg

Kommunen har motteke klagar på vedtak i sak 20/2024 «Konsesjonssøknad vindturbin Sløvåg. Uttale frå Gulen kommune». 
 
På generelt grunnlag vil administrasjonen gje følgande informasjon knytt til mottekne klagar: 
 
Vi ser utifrå innhald i ulike klagar og observasjon av ein del ytringar på sosiale medier, at det i ein del samanheng er mangel på kildekontroll på dei faktiske skildringane. Administrasjonen ynskjer difor å kort peike på ulike forhold som tydeleg skapar ein del misforståingar, og gje status om vidare prosess. 

Slik sak 20/2024 er lagt opp inneheld den beslutning i 2 deler: 

  1. Saka gjev ei høyringsuttale til NVE

    Saka er vurdert etter forvaltningslova § 28 opp mot § 2. Det går fram av  desse reglane at det er berre avgjersler som blir å rekne som “enkeltvedtak» som kan påklagast.  Det kommunestyret har tatt ei avgjerd på i denne saka er ein uttale til NVE si høyring av ein konsesjonssøknad, altså ikkje eit enkeltvedtak.  Avgjersla er av førebuande karakter. Avgjersla gjev ikkje rettigheiter eller pliktar til ein eller fleire bestemte personar, og kvalifiserer ikkje til å vere eit enkeltvedtak, og kan då ikkje påklagast.  

    Neste steg i saksprosessen er at NVE vurderer alle uttalene, då både kommunen sin uttale og alle dei andre uttalene som er sendt inn i samband med høyringa. Det dei då vurderer er om dei kan fatte vedtak etter energilova, og kva vilkår eit eventuelt positivt vedtak skal ha. Eit slikt vedtak har karakter av å være eit enkeltvedtak, og vil kunne påklagast av partane og dei med rettsleg klageinteresse.   

  2. Saka gjev administrasjonen føringar inn mot det påfølgande planarbeidet.
    Utforma som ei delegering.

    Som over vert dette (sjølve delegeringa) ikkje vurdert som enkeltvedtak.

    Som skissert i sak 20/2024 er det administrasjonen si vurdering at planendring kan gjennomførast som ein forenkla prosess for endring av reguleringsplanen. Dette fordi medverkarprosessar og konsekvensutgreiing er dekkande for begge prosesser.  

    Det er slik at kommunen sin prosess etter plan og bygningslova må handsamast før NVE kan gjere vedtak etter energilova. Det er like fullt mogleg for NVE å starte si handsaming av saka, men dei kan ikkje konkludere før prosessen etter plan- og bygningslova er ferdig. 

    Viktig: Kommunen har først den 15.5 motteke komplett forslag som viser endringar av den gjeldande plan, så denne behandlingsprosessen er ikkje handsama i Gulen kommune. Det har vore dialog om søknad. Det er ikkje ferdig konkludert i forhold til om endringa kan gjennomførast etter ein forenkla prosess for endring av reguleringsplan. I ein slik prosess vil m.a. Statsforvalteren og naboar vere høyringspart. Eit vedtak i enden av denne prosessen vil kunne påklagast.  

    I tråd med informasjonen over vil innkomne klagar ikkje verte handsama knytt til høyringsdelen av saka, men vil verte vurdert i samband med venta planprosess. Utover partar eller andre som har rettsleg klageinteresse legg vi i planprosessen opp til utvida nabovarsling i Halsvik.

    Klager som no er komme inn vert for ordens skuld i lag med dette skrivet, oversendt NVE og Statsforvalteren til informasjon. 

  

Handsaming i kommunestyret 12.04.2024

Kommunestyret handsama konsesjonsuttalen i kommunestyremøte 12. april. Her kan du lese saksutgreiing og sjå resultatet av den politiske handsaminga:

Utval av anna dokumentasjon i saka

Sist oppdatert: 16.05.2024
Publisert: 13.03.2024