Reguleringsplanar under arbeid
Detaljregulering for Gulen industrihamn
Plan-id 2013003 - gbnr. 63/15 Halsvik. Søknad om reguleringsendring etter forenkla prosess. Planen er mottatt til handsaming.
Detaljregulering for råolje- og petroleumsterminal Gulen industrihamn
Plan-id 2013002 Gbnr. 63/35 og 63/36 Halsvik. Søknad om reguleringsendring etter forenkla prosess. Planen er mottatt til handsaming
Reguleringsplan Sjurmarka Byrknes
Kommunestyret har vedtatt reguleringsplan på gbnr. 95/361, 95/362, 95/363 mfl Byrknes. Formålet med planarbeidet har vore å legge til rette for bustadutbygging tett på eksisterande skule og barnehage og i tillegg legge det til rette for eit godt bumiljø på Byrknesøy. Planen legg mellom anna til rette for to nye bustadområder med totalt 26 nye bueiningar på kvar si side av Kv. 1061 Nordre garden.
Arbeidet med å utarbeide offentleg-privat utbyggingsavtale er starta opp.
Reguleringsplan vest på Byrknesøy
Kommunestyret har vedtatt reguleringsplan frå Byrknes Utvikling som omfattar gbnr. 95/6, 95/7, 95/11, 95/104, 95/15, 95/123, 95/249 og 95/256. Plan er nært tilknytt lokalsenteret Byrknes.
Området er avsett til bustadar, forretning, andre typar bygningar og anlegg og LNFR‐areal for naudsynte tiltak for landbruk og liknande i kommuneplanens arealdel for Gulen kommune.
Arbeidet med å utarbeide offentleg-privat utbyggingsavtale er starta opp.
Reguleringsplan Arehaugen bustadfelt gbnr 90/1 Kittelsvik
Planen hadde offentleg oppstart i mai 2023, og etter innspelsfrist 9. juni.2023 har planleggar arbeid med utgreiingar og planlegging. Planen skal legge til rette for nye tomter for bustader her under einebustader, rekkehus, to- og/eller firemanns-bustader.
Reguleringsplan for sentrumsutvikling Eivindvik
Det har vore ei omfattande prosess relatert til sentrumsutvikling Eivindvik. Ein av grunnane til at prosessen har tatt tid, er at det har vore utfordrande å finne ei trygg vegløysing. Vegen gjennom sentrum er idag kommunal, men det er lagt opp til at den skal takast over frå fylket.
Planen har vore på førehandsuttale til vegavdelinga hjå fylkeskommunen i april. No skal planen reviderast noko etter innspel frå dei og andre interne innspel. Vi ventar at planen kan leggast ut på offentleg høyring i løpet av 2024.
Reguleringsplan Oppedal ferjekai
Statens vegvesen har fremja ny plan for Oppedal ferjekai. Planen som hadde oppstart i 2022 vil legge til rette for ny ventekai/nattleie for den 4’de ferja på sambandet Oppedal-Lavik. Denne skal på plass i løpet av 2026. Ventekaia vert liggande nord og vest for dagens servicebygg.
Det er også planar om nytt servicebygg med toalett, parkeringsplassar samt oppgradering av området rundt servicebygget. Heile anlegget vert universelt utforma. Planen vert tatt opp til handsaming i Hovudutval for plan og klima (HPUK) 29.05.2024, og venta vert lagt fram til godkjenning i kommunestyret 13.06.2024.