HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring av søknad om løyve til utviding av NORM-deponi ved Wergeland-Halsvik AS

Høyring av søknad om løyve til utviding av NORM-deponi ved Wergeland-Halsvik AS

Bakgrunn

Wergeland-Halsvik AS driftar eit NORM-deponi inne i fjellet på Sløvåg i Gulen kommune, som har vore i drift sidan 2008. NORM-avfall blir deponert i to tunnelar, men desse vil snart vere fulle, og det er behov for utviding. Søknaden om endring av løyvet omfattar ei utviding av deponiet med ein forlenga tilkomsttunnel, to nye fjellhallar, og tverrslag mellom fjellhallane. Kvar fjellhall vil ha eit volum på inntil 155 000 m³.

Dei søker om endring av løyvet frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) for mottak, behandling og deponering av radioaktivt avfall, og om løyve til å deponere opptil 3 500 tonn radioaktivt avfall per år. I tillegg søker dei om å kunne deponere inntil 10 000 tonn per år som prosjektdeponering, som det vil bli søkt om i kvart enkelt tilfelle.

Wergeland-Halsvik AS søkjer også om endring av løyvet frå Miljødirektoratet for mottak, behandling og deponering av radioaktivt avfall som også er farleg avfall. På grunn av utvidinga søkjer dei om auka utslepp av sigevatn, som inneheld organisk karbon og metalla, inkludert tungmetalla. Søknaden omfattar ikkje utslepp frå behandling av avfallet, korkje til vatn eller luft.

Søknad er sendt til Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) og Miljødirektoratet. DSA og Miljødirektoratet samarbeider om behandling av søknaden, men vil saksbehandle søknad innan sine respektive myndeområde.

Kommunen sin frist til å kome med innspel

Kommunen har frist til å kome med innspel til søknaden innan 07.11.2024 til DSA og Miljødirektoratet.

Her kan du lese søknadsdokumenta

Du kan lese alle søknadsdokument på DSA si nettside i menyfana «Høringer og tillatelser».

Trykk her for å kome til høyring av søknad frå Wergeland-Halsvik AS om endring av løyve til mottak, behandling og deponering av radioaktivt avfall ved NORM-deponiet i Gulen kommune


Slik gir du innspel

Send innspel til Gulen kommune:

  • Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending
  • eller via e-post:postmottak@gulen.kommune.no
  • eller til postadresseGulen kommune
                                     Eivindvikvegen 1119
                                     5966 Eivindvik

Sist oppdatert: 03.10.2024
Publisert: 03.10.2024