Kunngjering - Står du i manntalet?

Manntalet for Gulen kommune er no lagt ut til gjennomsyn i Innbyggarservice på kommunehuset. Du kan kome innom på kommunehuset eller ringe på
tlf 57 78 20 00 for å kontrollere at du står i manntalet.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og meldinga om flytting ikkje er motteken i folkeregisteret innan 30. juni 2023, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta ifrå. Då kan du velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøyste i Gulen kommune – eller i ein annan kommune. Førehandsrøystinga opnar 10. august.

Dersom du meiner det er feil eller manglar ved manntalet, må du gje melding til valstyret. Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve, og skal sendast:

Valstyret i Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik

Søknadsskjema for innføring i manntalet finn du her

Sametingets valmanntal er også lagt ut.


Sist oppdatert: 01.08.2023
Publisert: 10.07.2023