HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering om oppstart av planarbeid med konsekvensutgreiing og høyring av planprogram for endring av detaljreguleringsplan for Skipavika Næringspark

Kunngjering om oppstart av planarbeid med konsekvensutgreiing og høyring av planprogram for endring av detaljreguleringsplan for Skipavika Næringspark

Hovudføremålet med endringa er å legge til rette for etablering av eit produksjonsanlegg for grøn ammoniakk, som medfører krav om konsekvensutgreiing etter §6 bokstav b (vedlegg I, 6b) og planprogram etter pbl. §4-1. Planprogrammet er hermed lagt ut til offentleg ettersyn.

Planarbeidet skal vidare avklare omfang på omsynssoner rundt ammoniakkanlegget samt ei hensiktsmessig omdisponering av arealbruk i næring- og industriområde. Intensjonen i gjeldande plan om å etablere ei maritim klynge vert vidareført saman med type reguleringsføremål. Nordleg del av planområdet er foreslått utvida mot Brandangersundet og vest for etablert veg, etter innspel frå Gulen kommune.

Forslag til planområdet er 1 843 874 m2 og har per i dag tilkomst frå Sandevegen, fv5582. Planområdet omfattar gnr. 79, bnr. 47, 53, 54 samt delar av bnr. 1, 33, 36, 52 og ein mindre del av bnr. 11. Det er ikkje planlagt nye tiltak eller ny arealbruk på eigedomane vest for gjeldande plan sitt planområde (plan-ID 2012005). Planområdet vil kunne justerast/reduserast fram mot 1. gangs behandling.

Forslagsstillar er Skipavika Næringspark AS. Plankonsulent er Tippetue Arkitekter AS.

Dokument

Eventuelle merknadar / kommentarar til planprogrammet eller oppstartsmeldinga kan rettast plan@tippetue.no eller Tippetue Arkitekter AS,
Vetrlidsallmenningen 29, 5035 Bergen

Frist for innspel er 27.08.2023


Sist oppdatert: 30.06.2023
Publisert: 30.06.2023