HeimSkule og utdanningPersonvernerklæring for skulane i Gulen

Personvernerklæring for skulane i Gulen

Generelt om tryggleik og personvern for skulane i Gulen

Gulen kommune har gjennom satsinga si på IKT, digitalisering og digitale læringsprogram, datasystem som blir brukt på alle skular i Gulen. Ved bruk av nokon av desse systema må personopplysningar behandlast for å kunna nytte tenesta. Før eit program eller system blir tatt i bruk, skal vi vurdere risikoen både når det gjeld det tekniske og organisatoriske, samtidig som vi tar vare på elevane og føresette sitt personvern.

Når kommunen nyttar eksterne leverandørar av program og datasystem, blir det inngått òg ein databehandlaravtale. Databehandlaravtalen regulerer korleis leverandøren behandlar personopplysningar på vegne av kommunen.

Kvifor behandlar vi personopplysningar om elevar og føresette?

Gulen kommune samlar inn og behandlar personopplysningar som vi treng for å utføra dei lovpålagte oppgåvene våre. I denne samanhengen betyr det å utføra undervisning etter opplæringslova. Dette gjer vi for at elevar og lærarar skal kunna logga på og utføra oppgåvene sine.
Dersom Gulen kommune skal behandla personopplysningar som ikkje er nødvendige for å utføra dei lovpålagte oppgåvene våre, vil vi sørga for at det vil vera eit lovleg grunnlag for dette, til dømes samtykke.

Kva er det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningane dine?

Her er nokre sentrale lover og forskrifter som regulerer behandlinga til kommunen av personopplysningar:

  • Opplæringslova inneheld reglar om mellom anna innsamling, bruk og lagring av opplysningar til bruk i grunnskulen.
  • Personopplysningslova og personvernforordning (GDPR) regulerer behandlinga til kommunen av personopplysningar.
  • Arkivlova inneheld mellom anna reglar for korleis dokument blir lagra, og dessutan avlevering til arkivinstitusjon
Kvar hentar vi opplysningar frå? 

Når vi tilbyr lovpålagte tenester til innbyggarane våre, kan vi, om nødvendig, hente opplysningar om deg frå andre offentlege styresmakter eller offentlege register, som til dømes Folkeregisteret. Du har alltid rett til å få vite kvar vi hentar opplysningane frå, i samband med tenestene dine og ytingar i kommunen.

Kva opplysningar behandlar vi? 
  • Kontaktopplysningar som namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse.
  • Opplysningar om relasjonane dine til andre, eksempelvis namn på ektefelle, sambuar, barn og sivilstatus.
  • Opplysningar knytt til dei tenestene som du som innbyggar nyttar, i dette tilfellet skule.
Korleis får føresette innsyn? 

Du har rett til innsyn i dei personopplysningane som vi behandlar om deg. Dersom du har spørsmål kring dette kan du ta kontakt med skuleleiinga på din skule.

Rett til å få korrigert uriktige personopplysningar

Dersom opplysningane våre om deg ikkje er riktige, har du rett til å få korrigert desse. Det gjeld òg dersom vi ikkje har fullstendige opplysningar om deg.

Ta kontakt med skuleleiinga på din skule.

Når vert opplysningane sletta?

Vi lagrar personopplysningane dine hos oss så lenge det er nødvendig for det formålet som personopplysningane vart samla inn for. Dette betyr til dømes at personopplysningar som vi behandlar på grunnlag av samtykket ditt blir sletta viss du trekker samtykket ditt.

Personopplysningar vi behandlar for å oppfylle ei lovpålagt plikt blir lagra så lenge lovheimelen krev det.

Avhengig av system, blir dataa sletta etter mellom 0-12 månader. Dersom data er arkivverdig, blir dei lagra etter arkivlova.

Brukarkontoar og lagra data knytt til desse, vert sletta når eleven går ut av 10. klasse. Data som då vert sletta vil ikkje kunna gjenopprettast.

Digital dømmekraft

Gulen kommune skal syte for at dei tilsette i skulane er i stand til å gjennomføre god opplæring i digital dømmekraft. Skuleleiarane skal syte for at rutinar som gjeld for personvern i skulane er godt kjente for elevar, føresette og tilsette. 


Sist oppdatert: 31.01.2023
Publisert: 31.01.2023