Renovasjon for hushald
Bossdunkar
Når du flyttar til ein ny bustad, har du sjølv ansvar for å skaffe dei bossdunkane som du treng til ditt avfall. NGIR har tre avfallsdunkar som standard:
- ein til bioavfall (140 l)
- ein til papir og papp (140 l)
- ein til restavfallet (140 l)
Dersom du treng større dunk for restavfall og papir, kan du bestille det hos NGIR. For plastemballasje får du utdelt blanke plastsekker som du set ut ved sida av papirdunken din. Dersom du ønskjer å kompostere matavfallet, kan du inngå avtale om heimekompostering.
Kva kostar det?
Renovasjon for hushald
Gebyr per år per husstand | Pris |
Ordinær renovasjon bustad * | kr 5 400,- |
Tillegg for stor restavfallsdunk (240 liter) | kr 420,- |
Rabatt for restavfall kvar 4. veke | - kr 420,- |
Rabatt for heimekompostering | - kr 540,- |
Hytterenovasjon | kr 2 700,- |
* Ordinær renovasjon tømming:
- matavfall kvar veke
- restavfall 2. kvar veke
- papir, papp og plast kvar 2. veke
Gebyr slam for ordinær tømming | Pris |
Årleg gebyr med septikslam kvart år * | kr 2 520,- |
Årleg gebyr med septikslam kvart 2. år | kr 1260,- |
Årleg gebyr med septikslam kvart 4. år | kr 630,- |
Gebyr per kubikk slam frå kommunale avskiljarar | kr 511,- |
* Gjeld minireinseanlegg som har trong for tømming kvart år
Gebyr for ekstratømming ** / Naudtømming *** | Pris |
Ekstratømming inntil 4,5 kubikk | kr 4 765,- |
Naudtømming inntil 4,5 kubikk | kr 9 530,- |
Ekstratømming over 4,5 kubikk, pr kubikk | kr 834,- |
Naudtømming over 4,5 kubikk, pr kubikk | kr 1 666,- |
** Naudtømming er tømming som må utførast på kort varsel utanom vanleg tømmeplan grunna akutte uhell eller andre hendingar. Naudtømming skal utførast snarast mogeleg, og innan 24 timar etter varsel frå abonnent eller oppdragsgjevar.
*** Ekstratømming er ikkje like akutt som naudtømming, og skal oppfylla følgjande kriterium: Tømminga er utanom vanleg tømmefrekvens og oppdraget skal utførast innan 14 dagar etter at oppdraget er tinga.
Tømmekalendar
Skriv du inn adressa di i adressefeltet på framsida til NGIR, vil di få opp all informasjon som er relevant for deg og din eigedom. Mellom anna kvar dag og kva fraksjon som vert henta hjå deg.
Du kan lese meir om tømmekalender og appen "MiljøID" her.
Sorteringsguide
Forskrift om innsamling og handsaming av hushaldsavfall
Trykk her for meir informasjon.
Har du bygd eller kjøpt hus, flytta inn i sameige/burettslag, eller selt bustaden din?
Flytta inn i heilt nytt hus?
Når bustaden din er klar for innflytting, får renovasjonsselskapet ein såkalla attest frå kommunen. Faktura blir automatisk send til tinglyst eigar. Du er sjølv ansvarleg for å bestille bossdunkane.
Trykk her for å gå til meldeskjemaet på NGIR sine heimesider
Kjøpt hus?
Har du kjøpt ein bustad som allereie har renovasjonsordning og bossdunkar, overtar du automatisk desse. Dersom du ønskjer å gjere endringar, anten å få større dunkar eller annan frekvens på tømminga, må du fylle ut skjema om endring av renovasjon og sende dette til NGIR.
Trykk her for å gå til meldeskjemaet på NGIR sine heimesider
Flytta inn i sameige/burettslag?
I sameige og burettslag er ofte fellesløysingar for avfall brukte. Flytter du inn i ein slik bustad, får du informasjon om avfallsordninga hos eigar.
Selt bustaden din?
Når du sel eigedommen din, får NGIR varsel frå eigedomsregisteret om eigarskifte når salet er tinglyst. Dunkane følgjer eigedommen, slik at ny eigar overtar dine dunkar og di renovasjonsordning. Dersom den nye eigaren ønskjer å gjere endringar, må han melde dette til oss.
Kontakt
- NGIR
Telefon: 56 34 33 10
E-post: post@ngir.no