HeimVeg, vatn, avløp og bossVegBrøyting og strøing

Brøyting og strøing

Gulen kommune har ansvar for brøyting og strøing av kommunale vegar medan Statens vegvesen har ansvar for brøyting og strøing av fylkes-, riks- og europavegar.

Slik kan du melde ifrå

Slik jobbar vi

Kommunen har avtale med 15 brøytekontraktørar som er sjølvsendig næringsdrivande. Kommunen handterer nokre av rodene med eige mannskap.

Om vinteren må du som går og køyrer rekne med dårlegare veg- og føretilhøve. Målet for det kommunale vegnettet er at vegane i størst mogleg grad skal vere framkommelege for:

  • gåande som er skodde for vinterføre
  • normalt vinterutstyrte personbilar

Det er du som førar/eigar av bilen som har ansvar for at bilen er forsvarleg skodd for vinterføre der du ferdast! 

Når vert det brøyta i Gulen?

Vi startar brøyting av kommunale vegar, inkludert gang- og sykkelvegar, ved 8 cm "sørpe" eller 10 cm tørr snø. Alle område skal haldast ryddige i tidsrom som er vanleg for alminneleg ferdsle, det vil seie frå klokka 07.00 – 23.00.
Normalt vil alle kommunale vegar vere brøytte innan seks timar.
Snørydding/brøyting mellom klokka 23.00 og klokka 05.00 skal avgrensast til minimum av omsyn til vanleg nattero. 

Oppfordringar til bustadeigarar og bilistar

  • Bosspann må takast inn snarast mogleg etter tømming slik at dei ikkje er til hinder for brøyting og strøing.
  • Ver føre var og tilpass fart og atferd til ver og føre. Vedlikehaldet vil aldri kunne sikre mot vanskelege vinterforhold og uheldige hendingar.
  • Sørg for at eigne gjerde og portar er av god kvalitet og godt merka.
  • Fjern brøytekantar i din egen veg eller innkøyrsle.
  • Utstikkande greiner frå tre og hekkar må fjernast slik at brøyting eller strøing ikkje vert hindra.
  • Legg ikkje snø inn på offentleg veg, eller på slik måte at det hindrar sikt.
  • Sørg for at det ikkje oppstår fare for takras eller fallande istappar frå bygningane dine

 Viktig melding til alle

Det er vinter i Noreg! Det fører til at vegane kan vere glatte, og du må alltid køyre etter forholda!

Trykk her for å lese meir om dekk og kjettingar på sidene til Statens vegvesen.


Sist oppdatert: 04.02.2022
Publisert: 20.10.2020