Ledige stillingar
Oversikt over ledige stillingar finn du ved å gå inn på lenka nedst på denne sida.
Vil du søkje ein av dei ledige stillingane i Gulen kommune?
Merk følgjande
- Alle søkjarar må søkje gjennom rekrutteringssystemet vårt.
- Er du er førstegongssøkjar, opprettar du brukarnamn og passord for å logge deg inn. Det er muleg å søkje utan at du opprettar deg ein brukarkonto. Opprettar du deg ein konto, vil du ha tilgang på det du har registrert og treng ikkje fylle ut alt på nytt om du søkjer på fleire stillingar hjå Gulen kommune.
- Attestar og vitnemål tek du med til eit eventuelt jobbintervju.
- Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Treng du hjelp for å registrere søknaden din?
Under utfyllinga vil du sjå at det er nokon felt som må fyllast ut, for å kome vidare i prosessen. Vi har merka desse med ei raud stjerne.
Treng du hjelp til noko i registreringa eller systemet ikkje verkar som det skal, hjelper vi deg. Ta kontakt med sentralbord på telefon 57 78 20 00.
Ledige stillingar og søknadsskjema
Trykk her for ledige stillingar og søknadsskjema
Gulen kommune sitt rekrutteringssystem er Jobbnorge.
Lykke til!
Sist oppdatert:
02.10.2023
Publisert:
16.10.2018