HeimNyheiterTidlegrøysting 3. juli – 9. august

Tidlegrøysting 3. juli – 9. august

Tidlegrøystinga finn stad ved Innbyggarservice på kommunehuset i Eivindvik, måndag til fredag mellom 09.00 og 15.00.

Ta kontakt på telefon 57 78 20 00 eller på e-post til postmottak@gulen.kommune.no, for å avtale tidspunkt for å tidlegrøysting.

Det er ikkje eit krav om valkort til tidlegrøystinga, men hugs å ta med legitimasjon.

Dei ordinære røystesetlane for kvart parti vert levert til kommunen i slutten av juli. Vi gjer merksam på at fram til vi mottek røystesetlar for kvart parti er det kun mogleg å stemme på parti og ikkje personar.

For meir informasjon om førehandsrøysting 10. august – 8. september og valdagen 11. september trykk her


Sist oppdatert: 27.06.2023
Publisert: 27.06.2023